Verdsmeisterskapen i skiskyting 1988, den femte verdsmeisterskapen for kvinner, vart arrangert i Chamonix i Frankrike i tida 29. februar - 6. mars 1988. Det er siste gongen kvinnene hadde ein eigen verdsmeisterskap. Mennene hadde ingen verdsmeisterskap den sesongen, som vanleg i eit OL-år.
Meisterskapen omfatta to individuelle øvingar og ein stafett, med vinnarar frå tre ulike land. Noreg tok fire medaljar, flest av dei fire landa som tok medalje.